Hopp til hovedinnhold

Fucus evanescens (Gjelvtang)

Systematikk:

Rike: Det gule riket (Chromista)
Divisjon: Brunalgar (Phaeophyta)
Klasse: Brunalgar (Phaeophyceae)
Orden: Tang (Fucales)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Gjelvtang (Fucus evanescens)

Arten kan verta inntil 40 cm høg. Gjelvtangen kan forvekslast med blæretang utan blærer. På våren kan den skiljast ut på dei lange, gulgrøne, oppsvulma formeringsorgana i skotspissane. Ellers er gjelvtangen vanlegvis mykje smalare og midtribba blir gradvis borte i skotspissane. Den er vanleg på utsette stader frå Trondheimsfjorden og nordover. I Skagerrak synes algen å trivast best i havneområde.