Hopp til hovedinnhold

Chordaria flagelliformis (Strandtagl)

Strandtagl (Chordaria flagelliformis)
Opphavsrett: Per Arvid Åsen (1980)

Systematikk:

Rike: Det gule riket (Chromista)
Divisjon: Brunalgar (Phaeophyta)
Klasse: Brunalgar (Phaeophyceae)
Orden: Chordariales
Familie: Chordariaceae
Slekt: Chordaria
Art: Strandtagl (Chordaria flagelliformis)

Strandtagl kan bli inntil ein halv meter høg, men er normalt 15-30 cm. Den er bruskaktig og mørkebrun i fargen. Sjølve hovudstamma er forgreina. Sidegreinene ut frå hovudstamma kan vera lange og er sjeldan forgreina igjen. Strandtagl veks frå fjøra og nedover. Den likar seg ikkje så godt på beskytta stader, men ellers er den vanleg. Den finst frå nedre delar av fjøra og nokre meter ned.