Hopp til hovedinnhold

Spermatochnus paradoxus (Bleiktuste)

Bleiktuste (Spermatochnus paradoxus)
Opphavsrett: Per Arvid Åsen (1980)

Systematikk:

Rike: Det gule riket (Chromista)
Divisjon: Brunalgar (Phaeophyta)
Klasse: Brunalgar (Phaeophyceae)
Orden: Chordariales
Familie: Spermatochnaceae
Slekt: Spermatochnus
Art: Bleiktuste (Spermatochnus paradoxus)

Arten veks raskt, men har kort levetid. Den kan bli inntil 50 cm lang, men lever berre frå juli til oktober. Den er bleikt brun, og i lupe kan ein sjå små, runde og mørke “vorter”, som er formeiringsstrukturar. Den finst på beskytta stader, enten laustliggjande utover botnen eller på andre plantar. Den er ikkje ein fjøreart, men finst frå ein halv meter og nedover.