Porphyra sp. (Fjørehinne-artar)
Systematikk:
Rike: Planteriket (Plantae)
Rekke: Rødalger (Rhodophyta)
Klasse: Rødalger (Rhodophyceae)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Bangiales
Familie: Bangiaceae
Slekt: Fjørehinne (Porphyra)
Art (sp.): Fjørehinne-artar (Porphyra sp.)
Artar innen slekten fjørehinne er tunne, bladaktige, opptil 40 cm lange, med varierande farge fra mørkt raud til raud- og gulbrune. Vanleg fjørehinne er vanleg i fjøra og bølgjeslagssona langs heile norskekysten. Men for å finne han må du ut på svaberg som er utsette for sterke bølgjeskvulp det meste av året. Sjansen for å finne denne algen inne i fjordar og ved land som vender mot aust frå Lindesnes og nordover, er difor ikkje så stor. I Oslofjorden har ein berre funne algen i dei ytre områda. Festepunktet som festar fjørehinna til steinen kan vere spesielt hard i tørr tilstand, og er plassert i midten med blad som faldar seg ut og dannar ein rosettliknande figur med diameter på 2 – 15 cm. Dette ser du ikkje alltid når algen er tørr, men du kan passe på å skjere av festepunktet heilt inntil steinen, løyse algen varsamt og deretter leggje han i ei bytte med sjøvatn. Når han har lege på tørt land ei stund (til dømes når sjøen flør, men enno ikkje har nådd opp til algen), blir han matt i fargen og litt stiv å ta på (nesten som svært tynn chips). Om vinteren og tidleg om våren kan det i Sør-Noreg vere ein annan, nærståande art som dominerer der ein elles finn vanleg fjørehinne. Det er smal fjørehinne,
som har like tjukt blad og om lag same farge som fjørehinne. Skilnaden er at smal fjørehinne har eit smalt og inntil 20 cm langt blad og ikkje dannar rosett, slik fjørehinne gjer det, men algen ligg flatt utover steinar og fjell nettopp som ei hinne. Purpurfjørehinne veks på fjell, stein og treverk i fjøra på stader som er verna mot vind. Fargen er brunaktig til purpurraud og algen kan bli opptil 30 cm lang og 20 cm brei. Ved lågvatn klistrar dei tunne blada seg til underlaget og er glinsande i motsetjing til vanleg fjørehinne som er matt. Det er mange fleire artar i slekten fjørehinne og fleire av artane liknar mykje på purpurfjørehinne. I dette programmet skal vi berre prøve å skilje mellom desse 3 artane. (Alternativt kan alt føres som fjørehinne, og vere ein blanding av alle artane.)