Hopp til hovedinnhold

Ascophyllum nodosum

© Stein Mortensen
Grisetang.

Andre navn

  • Grisetang på norsk

Om Ascophyllum nodosum

Kjennetegn: Grisetangen (0.3 – 2 m) er den andre tangarten med blærer. Han er lett å skilje frå blæretang, med sin lyse, gulbrune til olivengrønne farge og blærer som sit enkeltvis. Dessutan er grisetangen tjukkare, utan midtribbe og meir solid, ja nesten lêrliknande.

Leveområde: Veks ofte saman med blæretang og då som regel like nedanfor blæretangen i fjøra. Heller ikkje denne tangarten er å finne på bølgjeutsette stader.

Utbredelse: Grisetang finnst langs heile kysten.

Aldersbestemming: Det er mogleg å finne ut kor gammal grisetangen er. Dersom han ikkje har noka blære eller berre ei, er han inntil tre år gammal. For kvar ny blære oppover på “hovudstamma” har han vorte eitt år eldre.

Systematikk

KategoriVitenskapelig navnEnglish name
Kingdom 
Phylum 
DivisionBrown algae
Class 
Order 
Family 
Genus 
Species
Ascophyllum nodosum